Vilkår

Informasjon om reservasjon og kjøp frå Kokå Sauna.

Reservasjon og betaling

Reservasjon skjer via nettsida https://kokå.no/. Betaling skjer med kort eller Vipps. Reservasjonen er ikkje bekrefta før betaling er mottatt.

Avbestilling og refusjon

Du kan avbestille fram til 24 timar før din reservasjon og får full refusjon. Seinare avbestilling gir ingen refusjon. Avbestilling skjer via telefon eller e-post.

Endring av reservasjon

Endring av reservasjon til anna ledig tidspunkt kan skje fram til 24 timar før din reservasjon. Kontakt oss via telefon eller e-post for endring.

Ansvar

Kokå Sauna er ikkje ansvarleg for personlege eigendelar som kjem vekk eller blir skada under besøket. Bruk av sauna og bading i sjøen skjer på eige ansvar.

Spørsmål vedr. betaling

Svar på vanlege spørsmål om betaling og fakturering.

Kva for betalingsmåte er tilgjengeleg?

Du kan betale med alle vanlege bankkort (Visa, MasterCard) og Vipps.

Når blir beløpet trekt frå konto?

Betalinga skjer ved bestilling. Det sikrar din reservasjon.

Kor lang tid tek ein refusjon ved avbestilling?

Litt avhengig av bank går det 3-5 dagar.

Kan bedrifter motta faktura på kjøp?

Ja, vi kan sende faktura til bedrifter. Ta kontakt via telefon eller e-post.

Er prisane inkludert moms?

Ja. Alle priser på nettsida er inkludert moms.

Har du spørsmål om vilkåra?

Ta kontakt med oss hvis du treng meir informasjon om reservasjon, betaling eller andre vilkår.