For eit trygt og fint besøk i Kokå Sauna
Pass tida både når du kjem og når du reiser. Døra blir opna 10 minutt før tida for reservasjon, og låser 10 minutt etter.
Bruk alltid handkle på benken (husk å ta med). Forlat saunaen i same stand som når du kom, ryddig og fin.
Takk for at du ikkje har med glas eller flasker som kan knuse. Ingen alkohol ved felles reservasjon. På eige ansvar ved privat reservasjon.
Det skal ikkje nyttast sjøvatn på omnen. Ikkje legg noko på omnen. Den er varm!
Bading i sjøen på eige ansvar. Det heng redningsbøye ved landgangen.
Følg disse tipsene for en enda bedre opplevelse.
Drikk nok vatn. Ta med rikeleg med vatn. Du sveittar mykje i badstua. Det er viktig å halde seg hydrert
Ta regelmessige pauser for å kjøle ned kroppen.
Du får ei betre oppleving og saunaen blir lettare å halde rein.
Etter 15-20 minutt i varmen passer det fint med eit kjapt bad i sjøen. Gjenta.
Svar på de vanligste spørsmålene om Kokå Sauna.
Det er plass til 9 – 12 personar.
Du kan avbestille fram til 24 timar før din reservasjon og får full refusjon. Seinare avbestilling gir ingen refusjon.
Det er eit lite rom for omkleding. Vi anbefaler at du kjem ferdig skifta.
Du bør ha badekle, badehandkle, vatn på plastflaske og handkle til benken.
Ja. Det er gratis parkering rett ved.
Nå som du kjenner reglene, er det bare å bestille tid og nyte badstuen.